Ab 'Ubayd al-Bakri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ab 'Ubayd Abdullah al-Bakri (10141094) arabisk أبو عبد الله البكري, var ein muslimsk geograf og historikar frå Córdoba i Spania. Al-Bakri er ein av dei mest kjende arabiske geografane, og den viktigaste frå muslimsk Spania.

Al-Bakri skildra Europa, Nord-Afrika, Den arabiske halvøya og Kongedømmet Ghana. Han skreiv relativt objektivt om folk, byar, klima og geografi, skikkar og anekdoter.

Al-Bakri var sonen til guvernøren av Huelva, og levde heile livet sitt i Spania. Han vitja aldri områda han skreiv om, men baserte verka sine på reiseskildringar frå andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]