Abakanelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Abakan | ||
| Munning | Jenisej | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 514 km | |
| Middelvassføring | 400 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 32 000 km² | |
Abakan (russisk Абака́н, frå det khakasiske ordet for «bjørneblod») er ei elv i republikken Khakasia og Krasnojarsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå venstre. Elva er 514 km lang og har eit nedslagsfelt på 32 000 km². Elva har ei middelvassføring på 400 m³/s.
Abakan oppstår der elvane Bolsjoj Abakan og Malyj Abakan renn saman vest i Sajanfjella og renn nordaustover gjennom Minusinsksenkninga til byen Abakan, der ho munnar ut i Krasnojarsk-reservoaret i Jenisej.
Elva vart nytta til tømmerfløyting og irrigasjon. Sideelva Ona er kjent den beste elva i Khakasia for rafting[1].
Utanom republikkhovudstaden Abakan ligg òg byen Abaza ved Abakanelva.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Abakan (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: