Abbeville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abbeville
Beffroi i Abbeville
Beffroi i Abbeville
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Picardie
Somme
Geografi
Flatevidd
 - By

26,42 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

25 567
  968/km²
Koordinatar 50°6′0″N 1°50′0″EKoordinatar: 50°6′0″N 1°50′0″E
Høgd over havet 8 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-abbeville.fr

Abbeville (Abbegemflamsk) er ein by nord i Frankrike i regionen Picardie. Abbeville ligg ved elva Somme, 20 km før munningen i Den engelske kanalen og 45 km nordvest for Amiens. I mellomalderen var staden det lågaste kryssingspunktet i Somme, og det var i nærleiken at Edvard III sin hær kryssa elva før slaget ved Crécy i 1346.

Abbeville var den største byen i den tidlegare franske provinsen Ponthieu. I dag er han ein av tre sous-préfecture i departementet Somme.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Abbeville dukkar først opp på 800-talet, og høyrte på denne tida til klosteret St. Riquier, og vart seinare styrt av grevane i Ponthieu. I lag med grevskapet kom byen inn under Alençon og andre franske familiar, og seinare under Huset Castile. Gjennom eit giftemål i 1272 vart byen så ein eigedom av Kong Edward I av England. Franskmenna og engelskmenna erobra området fram og tilbake fram til 1435freden i Arras gav byen til Hertugdømet Burgund. I 1477 vart han annektert av Kong Louis XI av Frankrike og vart halde av to urettmessige greinar av dem kongelege familien på 1500- og 1600-talet, og i 1696 kom han tilbake til korna. I 1514 gifta Louis XII av Frankrike seg med Mary Tudor, dotter av Henrik VII av England.

Abbeville var ganske viktig på 1700-talet då Van Robais kongelege industri (ein av dei første store fabrikkane i Frankrike) førte med seg stor rikdom til byen. Voltaire, av fleire, skreiv om byen. Hans skreiv òg om ei stor hending om intoleranse der ein ung utarma herre, Chevalier de la Barre, vart avretta for mangel på respekt. Dette var visstnok fordi han ikkje honnørte eit opptog for Kristi lekamsfest, men episodar om eit skamfare kross skal visst òg ha vore inni bilete.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Abbeville