Abbotisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abbotisen
isbrem
Abbot isbrem, MODIS-bilete frå 10. mars 2003. 14:50
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 72°45′S 96°00′W / 72.750°S 96.000°W / -72.750; -96.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Abbotisen
72°45′S 96°00′W / 72.75°S 96°W / -72.75; -96
Abbotisen is located in Antarktis
Abbotisen (Antarktis)

Abbot isbrem er ein isbrem som er 400 km lang og 65 km brei, på grensa til Eights Coast frå Cape Waite til Pfrogner Point i Antarktis. Thurston Island ligg langs nordkanten av den vestlege halvdelen av denne isbremmen. Andre store øyar (Sherman, Carpenter, Dustin, Johnson, McNamara, Farwell og Dendtler) ligg delvis eller heilt inne i denne isen.

Isbremmen vart oppdaga av medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS) på flyturar frå skipet «Bear» i februar 1940, og den vestlege delen vart skissert frå flyfoto tekne av U.S. Navy (USN) Operasjon Highjump i 1946–47. Heile isbremmen vart kartlagt av USGS frå USN sine flyfoto i 1966. Han vart namngjeven av US-ACAN etter kontreadmiral J. Lloyd Abbot jr., som var befalshavande for U.S. Naval Support Force i Antarktis, februar 1967 til juni 1969.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Abbot Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).