Abdelaziz Bouteflika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abdelaziz Bouteflika

Abdelaziz Bouteflika (عبجد العزيز بوتفليقة), (fødd 2. mars 1937), er president i Algerie frå 1999.

Bouteflika vart fødd i Oujda i Marokko av algeriske foreldre. Han tok del i den algeriske sjølvstendekrigen og vart etter slutten av krigen og sjølvstendet i 1962 ungdoms- og sportsminister. Året etter vart han utanriksminister noko han var til 1979. Etter at president Houari Boumédienne døydde i 1978 mista Bouteflika posisjonen sin. Frå 1983 til 1989 var han i eksil i Dei sameinte arabiske emirata, Frankrike og Sveits. I 1999 vart han vald til president med 74 % av røystene i eit omdiskutert val, kontrollert av dei militære. 8. april 2004 vart han gjenvald med 85 % av røystene mot motkandidaten Ali Benflis.