Abdul Rahman Hassan Azzam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Abdul Rahman Hassan Azzam (arabisk عبد الرحمن حسن عزام) (fødd 8. mars 1893 i Shubak al-Gharbi, død 2. juni 1976 i Cannes) var ein egyptisk diplomat og politikar. Han var den fyrste generalsekretæren i Den arabiske ligaen frå 1945 til 1952. 27. desember 1945 fekk han tittelen pasja av Faruk I av Egypt og er difor også kjend som Abdul Rahman Azzam Pasja. Han er også kjend som Abd al-Rahman Azzam.

Azzam var Egypt sin ambassadør til Irak, Iran og Saudi-Arabia, og var også diplomat i Romania og Tyrkia. Han var i ein periode også parlamentsmedlem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]