Abdullah Öcalan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Öcalan i 1997

Abdullah «Apo» Öcalan (fødd 4. april 1948 i Tyrkia) er ein tyrkisk-kurdisk aktivist som grunnla og styrte den militante kurdiske organisasjonen PKK (som er på lista over terrororganisasjonar i både USA og EU), fram til han vart arrestert i 1999.

Ocalan voks opp i ein fattig bondefamilie i Urfa i Tyrkia. Han fekk politisk skolering på 1970-talet då han studerte statsvitskap i Ankara. I 1978 stifta han PKK, men vart etter militærkuppet i Tyrkia i 1980 tvinga til å forlate landet. Han levde så i fleire år i Syria der han mellom anna arbeidde med å bygge opp eit nettverk av militante støttegrupper i heile Europa. Öcalan måtte forlate landet i 1998 då Tyrkia starta å utøve politisk og militært press overfor Syria. Problemet var at mange statar nekta å ta imot Öcalan, både Russland, Tyskland og Hellas nekta å ta imot han. Ein kort periode var han så i Italia, men måtte forlate landet då nærværet hans førte til ei krise i forholdet landet hadde til Tyrkia. Til slutt fekk han kome til Nairobi i Kenya, men vart i 1999 teken av tyrkiske tryggleiksagentar (i samarbeid med CIA og israelske Mossad) og frakta til Tyrkia.

Öcalan vert oppfatta som ein terrorist av tyrkarar flest og som ein helt av mange kurdarar.

Dommen og fengselsopphaldet[endre | endre wikiteksten]

Ocalan vart den 29. juni same år dømt til døden ved henging for høgforræderi, separatisme og mord. Etter press frå EU avskaffa Tyrkia dødsstraff i fredstid i 2002, noko som førte til at Öcelan fekk omgjort straffa til livsvarig fengsel. Han har sidan dommen vore den einaste fangen på fengselsøya Imrali i Marmarahavet ved Istanbul. Over 1000 soldatar vaktar han.

Kontakten med omverda er avgrensa. Han får ikkje sjå TV, og radioen hans tar berre inn ein tyrkisk statleg radiokanal. Han kan få lese bøker, men ingen på sitt eige språk, kurdisk. Om han ikkje oppfører seg slik fangevaktarane hans vil, risikerer han tid i isolasjonen. Då er Öcalan friteken frå familiebesøk, lufting, bøker og radio i periodar på 20 dagar om gongen, i følgje advokaten.

Advokatane held fram å forfølgje det dei meiner er urettmessig behandling av Öcalan i domstolane, og venter òg på resultata av undersøkingar Den europeiske komitéen for kjemping mot tortur (CPT) gjorde i mai 2007. Komiteen skal ha teke hårprøvar av Öcalan fordi han sjølv hevdar han kan vere forgifta av tungmetall.

Tilhengjarar som demonstrerer til støtte for Öcalan i London, april 2003

Kjelder[endre | endre wikiteksten]