Abdullah II av Jordan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kong Abdullah II av Jordan

Abdullah II ibn al-Hussein av Jordan (arabisk: عبدالله الثاني بن الحسين), fødd 30. januar 1962) er konge av det hasjemittiske kongeriket Jordan. Han overtok som konge den 7. februar 1999 etter at kong Hussein av Jordan døydde. Kong Abdullah reknar slekta si, hasjemittane, attende til profeten Muhammed.

Han har saman med kona si, dronning Rania, fire born. Dei fire borna er: prins Hussein (f. 1994), prinsesse Iman (f. 1996), prinsesse Salma (f. 2000) og prins Hashem (f 2005).

Den 28. november 2004 vart kronprinstittelen teken frå broren prins Hamzah. Nokon ny kronprins er enno formelt ikkje utnemnd, men mange reknar med at prins Hussein vil verta kronprins.

Kong Abdullah vart i 2000 tildelt storkors av St. Olavs Orden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]