Abkhasia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Аҧсны
Apsny

(norsk: Abkhasia, abkhasisk)

Det abkhasiske flagget Det abkhasiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Aiaaira»
Geografisk plassering av Abkhasia
Offisielle språk Abkhasisk og russisk
Hovudstad Sukhumi
Styresett
Republikk
Aleksandr Ankvab
Leonid Lakerbaia
Flatevidd
 – Totalt
 
8 600 km²
Folketal
 – Estimert (2006)
 – Folketeljing (2003)
 – Tettleik
 
157 000 - 190 000
216 000 (omstridt)
29/km²
Sjølvstende
  - Erklært
Frå Georgia
23. juli 1992
BNP
 – Totalt ()
 – Per innbyggjar
 
mill. USD (.)
USD (.)
Valuta Russisk rubel
Tidssone UTC +3



Abkhazia02.png

Abkhasia (Abkhasisk: Аҧсны (Apsny), georgisk: აფხაზეთი (Apkhazeti), russisk: Абхазия (Abkhazia)) er ein de facto sjølvstendig republikk innanfor grensene til Georgia. Han ligg ved austkysten av Svartehavet og grensar til Russland i nord. Ingen internasjonale organisasjonar eller land har anerkjend sjølvstyret til Abkhasia, og han vert rekna som ein autonom republikk av Georgia (georgisk: აფხაზეთის ავტონომიური რესპუბლიკა, abkhasisk: Аҧснытәи Автономтәи Республика) med Sukhumi som hovudstad.

Ei lausrivingsrørsle av etniske abkhasarar kravde sjølvstende frå Georgia i 1992 og dette utløyste den georgisk-abkhasiske konflikten frå 1992 til 1993, der den georgiske hæren måtte sjå seg slått. Dette førte vidare til masseutflytting av georgiarar frå Abkhasia. Trass i våpenkvile i 1994 og med fredsbevarande SN-styrkar i området, har ein ikkje kome fram til noko løysing på konflikten, og området er framleis delt mellom dei to rivaliserande styresmaktene. Over 83 % av området er kontrollert av den russiskstøtta separatistregjeringa i Sukhumi, medan resten er styrt av representantar av ein de jure regjering i Abkhasia, det einaste organet som er internasjonalt anerkjend som styresmakt i Abkhasia. Han held til i Kodoridalen, som Georgia har kontroll over.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn frå Pitsunda
For meir om dette emnet, sjå Abkhasisk geografi.

Abkhasia dekkjer eit areal på om lag 8 600 km² i dei vestlege områda av Georgia. Kaukasusfjella ligg i nord og nordaust langs grensa mellom Abkhasia og Russland. I aust og søraust ligg den georgiske regionen Samegrelo-Zemo Svaneti; og i sør og søraust Svartehavet.

Abkhasia er svært fjellkledd, og Store Kaukasus, med enkelte andre fjellkjeder som utstikkarar, dominerer store delar av området med djupe dalar innimellom. Dei høgaste toppane i Abkhasia ligg i nordaust, og fleire strekkjer seg over 4 000 meter. Den komplekse topografien gjer at store delar av naturen i Abkhasia er urørt, og berre kystområda og dalane er dyrka, der ein produserer te, tobakk, vin og frukt.

Mange elvar med utspring i Kaukasusfjella renn gjennom Abkhasia. Dei største elvane er Kodori, Bzyb, Ghalidzga og Gumista. Elva Psou fungerer som grense mellom regionen og Russland, medan elva Inguri er grense mellom Abkhasia og resten av Georgia. Det finst fleire innsjøar i området, og Ritsa er den mest kjende av desse.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Strand i Abkhasia. Abkhasia har eit mildt, subtropisk klima

Sidan Abkhasia ligg ved Svartehavet og vert verna frå kald nord- og austavind av Kaukasusfjella, er klimaet svært mildt. Kystområda har eit subtropisk klima med ein årleg normaltemperatur på 15 °C. Klimaet vert gradvis kaldare med høgda. Abkhasia fåre relativt mykje nedbør og varierer frå 1 100 til 1 500 mm langs kysten til 1 700 til 3 500 mm i dei høgare fjellområda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Abkhasia