Abkhasisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Abkhasia

Abkhasia er ein region sør i Kaukasus. Han er ein de facto sjølvstendig republikk, men er internasjonalt anerkjend som ein autonom republikk i Georgia, som berre har kontroll over ein liten del av Abkhasia kalla Øvre Abkhasia.

Abkhasia dekkjer eit areal på 8 600 km² i dei vestlege områda av Georgia, på nordkysten av Svartehavet. Kaukasusfjella ligg i nord og nordaust og skil Abkhasia frå Tsjerkessia. I aust grensar regionen til Svanetia, i søraust til Samegrelo og i sør og sørvest til Svartehavet.

Området er svært kupert (om lag 75 % av arealet er rekna som fjell og åsar) og busetnadane ligg hovudsakleg langs kysten og i dei djupe dalane. Store Kaukasus går langs den nordlege grensa av regionen, med Russland på andre sida. Fjellkjedene Gagra, Bzyb og Kodori stikk ut frå hovudkjeda av Store Kaukasus. Dei høgaste toppane i Abkhasia ligg i nordaust og aust (langs grensa til Svanetia) og fleire fjell strekkjer seg over 4 000 meter overt havet. Det høgaste fjellet er Dombai-Ulgen (4 046 m). Klimaet er mildt, og i sovjettida var området ein populær turiststad, kjend som «den georgiske rivieraen».

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Veg vest i Abkhasia
Innsjøen Ritsa

Landskapet i Abkhasia består av alt frå kystskogar (endemiske furuskogar nær Bitsjvinta/Pitsunda) og sitrusplantasjar til fjelltoppar dekte av eit evig is og snødekke i nord. På grunn av den komplekse topografien er store naturområde i Abkhasia urørt. Derfor er store delar av Abkhasia (om lag 70 %) framleis dekt av skog. Abkhasia er kjend for mange endemiske planter som ein berre finn i Kaukasus, berre i Georgia eller berre i Abkhasia.

Den djupaste grotta i verda, Krubera eller Voronjagrotta ligg vest i dei abkhasiske Kaukasusfjella. Nylege målingar har vist at grotta har ein høgdeskilnad på heile 2 158 meter.

Søraustlege delar av Abkhasia er dekt av skog (or, agnbøk, eik og bøk eller sitrus- og teplantasjar. Foten av fjella, opp til ei høgd på 600 meter er dekt av lauvtre med tre som eik, agnbøk, bøk og buksbom. Skogen som dekkjer området frå 600 til 1 800 meter består av både lauv- og bartre, og dei mest vanlege artane er bøk, orientgran og nordmannsgran. Blandingsskogen her inneheld nokre av dei høgaste trea i Europa og i verda, der enkelte nordmannsgrantre strekkjer seg over 70 meter, sørleg rundt innsjøen Ritsa. Sonen frå 1 800 til 2 900 meter består av anten subalpine eller alpine enger. Området over 2 900 meter er stort sett dekt av snø og isbrear.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Kaukasusfjella frå Pitsunda

Sidan Abkhasia ligg ved Svartehavet er klimaet svært mildt. Kaukasusfjella er òg med på å halde klimaet mildt, sidan det vernar området frå dei kalde vindane frå nord.

Kystområda av republikken har eit subtropisk klima med ein årleg normaltemperatur på 15 °C. Middeltemperaturen i januar varierer mellom 4 og 6 °C, medan sommartemperaturen ligg på mellom 22 og 23 °C. Kystområda får sjeldan frost om vinteren.

Dei høgareliggande områda, over 1 000 meter har eit maritimt fjellklima, og har relativt kalde vintrar og lange, varme somrar. Høgder over 2 000 meter har kaldare vintrar og kortare somrar. Abkhasia sine høgastliggande område har alpint klima utan spor av sommar.

Abkhasia får relativt mykje nedbør, men er kjend for det unike mikroklimaet langs det meste av kysten. Årsnedbøren varierer frå 1 100 til 1 500 mm. Foten av fjella og dei lågare fjellkjedene, og dei indre djupe dalane kan få opp til 1 800 mm i året. Enkelte indre område som ikkje vert påverka av Svartehavet får minst nedbør i regionen, medan dei høgareliggande fjellområda får mellom 1 700 og 3 500 mm kvart år. Sjølv om kystområda sjeldan får snøfall, kjem det relativt mykje snø i fjella, og snøras er ein trugsel for enkelte folkesette område i nordaust. Snødjupna kan verte så mykje som 5 meter i dei høgareliggande områda som vender mot Svartehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Abkhasisk geografi