Ablach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ablach
Ablach ved Mengen
Ablach ved Mengen
Utspring Hohenfels
- Høgd 680 moh
Munning Donau
- Høgd 130 moh
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 38 km
Renn gjennom Meßkirch, Mengen

Ablach er ei elv i Baden-Württemberg sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Ho har sitt utspring ved Hohenfels og ei lengd på 38 km.

Ablach.jpg

På veg mot Donau renn ho gjennom låglandet Schwackenreuter og passerer byar og landsbyar som Bichtlingen, Meßkirch, Menningen, Göggingen, Ablach, Krauchenwies og Mengen. Etter Blochingen munnar elva ut i Donau.

Ablachtal, dalen som elva renn gjennom har vore busett sidan keltisk tid på grunn av den frodige elvebreidda som eigna seg godt til jordbruk.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]