Aboa i Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 73°03′S 13°25′W
Aboa
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 73°03′S 13°25′W
Administrert under Antarktistraktaten
Aboa i Antarktis is located in Antarktis
Aboa i Antarktis (Antarktis)

Aboa (frå det latinske namnet Turku) er ein finsk forskingsstasjon i Antarktis. Han vart bygd i 1988 og ligg i Dronning Maud Land, kring 130 kilometer frå kysten, på ein nunatak kalla Basen i Vestfjella. Stasjonen vart utforma og bygd av VTT Technical Research Centre of Finland og finansiert av det finske handelsdepartementet.[1]

Stasjonen er berre i bruk om sommaren. Stasjonen har plass til 12 menneske, men kan utvidast for korte periodar for ei besetning på opp til 18 menneske.[1]

Den svenske stasjonen Wasa ligg 200 meter unna. I lag dannar Aboa og Wasa Nordenskiöldbasen. Dei to stasjonane samarbeidar tett.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Aboa-stasjonen, på Finnish Antarctic Research Program (FINNARP)
  2. Forskingsstasjonar, Swedish Polar Research Secretariat