Aboriginar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aboriginar (lat. ab origine, 'frå byrjinga') er nemninga som ofte blir brukt om alle dei ulike urfolka i Australia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei aller første aboriginane kom til Australia via Søraustasia for minst 40 000 år sidan, i følgje visse arkeologiske funn for over 60 000 år sidan.

Dei førte ein nomadisk livsstil som jegerar og samlarar. Arbeidet var ofte fordelt slik at kvinner samla råvarer til mat, klede og verktøy medan menn jakta med spyd, slynger og bumerangar. Maten og andre ressursar blei så delt av alle medlemmene i ein klan som gjerne var sett saman av eit par brør med koner og ungar. Fleire klanar utgjorde ein stamme som søkte saman og hjelpte kvarandre i uår.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aboriginar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]