Abort-motstandernes liste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Abort-motstandernes liste er eit politisk parti som stilte til val i 7 fylke ved stortingsvalet 2005. Partiet si einaste sak var kamp for å totalforby abort.

Toppkandidatane i alle fylka var dei kjenda abortmotstandarprestane Ludvig Nessa og Børre Knudsen. Ein annan kjend abortprest, Per Kørner, sto på Abort-motstandernes liste i nokre fylke og Kristent Samlingsparti si liste i andre. Ivar Kristianslund, tidlegare formann i Kristent Samlingsparti, sto på tredjeplass på abormotstandarlista i alle fylke der ho stilte. Alle som sto på listene var menn, ikkje ei einaste var kvinne. Abortmotstandarane skapte reaksjonar i valkampen, då dei sende plastmodellar av foster saman med bilete av blodige, aborterte foster til tilfeldige veljarar som valkampmateriell. [1]

Abort-mostandernes liste fekk 1 934 røyster, noko som utgjorde 0,07 % av røystene ved stortingsvalet. Ingen representantar vart valde inn på Stortinget. Resultata deira i einskilde fylke var:

Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Fedrelandspartiet | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet dei grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet


[endre] Kjelder

Personlege verktøy