Abrahám Abulafia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Abrahám ben Sjemuél Abulafia (f. 1240; d. etter 1291, truleg på Malta) var ein av dei første kabbalistane. Han vart fødd i Spania og studerte skriftene åt Maimonides og Hillél. I tjueårsalderen la han ut på eit liv i vandring. Den første profetiske boka si, Sefer hajjasjár (‘Den rettvises bok’) skreiv han i Patras (Pátra) i det noverande Hellas i 1279. Abrahám Abulafia drøymde om å viske ut skilnadene mellom jødedommen, kristendommen og islam. Året etter følgde han ei indre stemme og la ut på reise til Roma for å omvende pave Nicholaus III. Paven, som da var i Suriano (no kalla Soriano) i Viterbo-provinsen, fekk nyss om dette og gav ordre om at fanatikaren laut brennast på bål så snart han kom dit. Da Abulafia kom til Suriano den 22. august 1280 fekk han høyre ved den ytre byporten at paven hadde døydd av slag natta føre. Abulafia la så på vandring heimatt, der minorittane kasta han i fengsel. Han vart sett fri at fire veker seinare. Neste gong vi høyrer om Abulafia var han på Sicilia som ein profet og messias. Kort tid seinare braut han opp att, og han arbeidde saman boka Sefer haót (‘Teiknets bok’) på øya Comino ved Malta i åra 12851288. Det siste vi veit om han er at han skreiv si siste og truleg lettast tilgjengelege bok, Imré Sjéfer, i 1291.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Abulafia er òg namnet på eit tekstbehandlingsprogram i romanen Il pendolo di Foucault (1998) av Umberto Eco.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]