Abraham Cowley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abraham Cowley

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 1618
City of London
Død

28. juli 1667 (49 år)
Chertsey

Yrke lyrikar, essayist, skodespelforfattar, prosaforfatter, skribent
Sjanger dikt, drama, essay
Abraham Cowley på Commons

Abraham Cowley (161828. juli 1667) var ein av dei mest omtykte engelske diktarane på 1600-talet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste kjeldene til Cowley sitt liv er det sjølvbiografiske essayet On My Self og Thomas Sprat sin skildring av livet til Cowley som kom i den første utgåva av Cowley sine samla verk (1667). Sprat blei kjend med Cowley i 1657.

Cowley var son av den velhavande handelsmannen Thomas Cowley, som døydde få månader før Abraham blei fødd. Ti år gammal dikta Abraham sitt første dikt, The Tragicall Historie of Pyramus and Thisbe; det ber preg av påverknad frå Edmund Spenser og hans The Faerie Queene. Tolv år gammal skreiv han to lange og eit kort dikt som i lag med det første blei publisert i Poetical Blossomes (1633). Etter dette skreiv han den pastorale komedien Loves Riddle (1638), truleg medan han enno gjekk på skole i St. Peter's College i Westminster.

Under studietida ved Trinity College, University of Cambridge skreiv Cowley epos og komediar som blant anna blei publisert i diktantologiar i regi av universitetet (1637, 1640 og 1641). Etter han hadde tatt mastergraden fekk han på grunn av si rojalistiske overtyding ikkje studere meir ved det parlamentarisk prega Cambridge. Han flytta over til University of Oxford der han fullførte versesatiren A Satire. The Puritan and the Papist som han gav ut anonymt. I 1642 gav han seg i kast med krigseposet The Civil War og under den engelske borgarkrigen blei han rekna som den viktigaste diktaren som stod på kongen si side. Han var med dronning Henrietta Maria i eksil til Frankrike og heldt fram med å dikte medan han var her: i 1647 kom The Mistress, ei samling kjærleiksdikt som seinare blei eit av dei mest lesne verka hans. Under dekke av å ikkje lengre vere i teneste hos dronninga vendte han tilbake til England i 1654, men i røynda skulle han sondere korleis stoda var i landet. Det enda med at han blei sperra inne i Whitehall. Venen Charles Scarborough betalte kausjon og fekk han ut att.

Før og under tida i fengsel førebudde han Poems, ei diktsamling som inneheldt nye og gamle dikt, som elegiar over døde samtidige, til dømes diktarkollegaen Richard Crashaw. Cowley leid av diabetes og døydde berre 49 år gammal av lungebetennelse.

Franz Schubert tonesette eit dikt av Cowley i lieden «Der Weiberfreund» (D. 271)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er ei bearbeiding av «Abraham Cowley» frå Wikipedia på tysk, den 16. november 2011.
  • Thomas O. Calhoun: Abraham Cowley. I: Dictionary of Literary Biography, bind. 131. Farmington Hills: Thomson Gale 1993, s. 61-72.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]