Abraham Heffermehl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abraham Heffermehl
Fødd12. februar 1835
Sørfold kommune
Død18. august 1909 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, prest
FarJørgen Meier Heffermehl
VervOrdførar i Gloppen 1866-1869
FøregangarJørgen Meier Heffermehl
EtterfylgjarOle Josefson Hestenes
Alle verv

Abraham Vilhelm Heffermehl (12. februar 183518. august 1909) var ein norsk sokneprest og politikar. Han var stortingsrepresentant for Høgre og ordførar i Gloppen. Jørgen Heffermehl var faren hans.

Heffermehl vart fødd i Sørfold i Nordland, der faren var sokneprest. Familien flytta til Gloppen i Nordfjord i midt på 1840-talet. Sjøllv vart han student 1853 og cand. theol. 1858. År 1861 vart han personalkapellan hos far sin i Gloppen, i 1867 residerande kapellan på Breim i Gloppen. Frå 1871 var han sokneprest i Hisøy i Aust-Agder, til han 1893-1908 var sokneprest i Ringsaker. Prost i Hedemarken 1897-1903.

1866 tok Heffermehl over som ordførar i Gloppen etter far sin, eit ombod han hadde fram til 1869. Også med han var prest i Hisøy var han ei tid ordførar.

Heffermehl var 2. representant for Nedenes amtStortinget 1889-94. Han var 1889-91 medlem av protokollkomiteen, 1892-94 formann i same. På tinget representerte han Høgre.

Heffermehl forfatta artiklar og bøker om norsk kyrkjehistorie. Han levde ugift og døydde i Kristiania i 1909.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Geistlige Møder i Norge - et Bidrag til den norske Kirkes Historie efter Reformationen til 1814, 1890
  • Folkeundervisningen i Norge indtil omkring Aar 1700, 1913

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]