Abraham Kuijper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abraham Kuijper.

Abraham Kuijper (29. oktober 18378. november 1920) var ein nederlandsk teolog, politikar og journalist. Han grunnla det nederlandske Anti-Revolutionaire Partij (ARP) og var statsminister i Nederland frå 1901 til 1905.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kuijper kom frå Maassluis, vest i Nederland. I 1855 vart han student han ved universitetet i Leiden og studerte litteratur, filosofi og teologi. Han fekk doktorgrad i teologi i 1852 med ei avhandling som samanlikna læra til Jean Calvin med den til Jan Łaski. Sjølv var Kuijper kalvinist. Han starta prestegjerninga si same året i småbyen Beesd.

Han forlét Beesd i 1867, og fekk fyrst jobb i Utrecht, deretter i Amsterdam i 1870. I 1871 starta han å skriva for avisa De Heraut, og året etter starta Kuijper si eiga avis De Standaard.

I 1874 vart Kuijper medlem i parlamentet som representant for det konservative partiet. Han flytte til Haag, og to år etter skreiv han det som la grunnlaget for det komande Anti-Revolutionaire Partij. ARP vart skipa i 1879 med Kuijper som partileiar. Tilhengjarane av Kuijper gav han klengenamnet Abraham de Geweldige - «Abraham den veldige». I 1880 grunnla han det private Vrije Universiteit i Amsterdam, og vart også professor i teologi ved universitetet.

Kuyper og ei gruppe kyrkjegåarar hadde uttalt seg om at den reformerte kyrkja i Nederland var vorten for liberal, og burde venda tilbake til dei gamle kalvinske standardane. Gruppa på om lag 80 medlemmer vart på grunn av dette suspendert frå den reformerte folkekyrkja i 1886. Dei suspenderte fortsette likevel å samlast saman og kalla seg Doleantie, «Dei syrgjande» på grunn av sorga dei kjende for den reformerte kyrkja. Doleantie utvikla seg til ei raskt veksande frikyrkje, og hadde 180.000 medlemmer i 1889.

Abraham Kuijper skreiv også ei rekkje politiske og teologiske bøker, m.a. oppslagsverket Encyclopædie der heilige Godgeleerdheid i 3 bind frå 1894. Han vart statsminister i august 1901 for ARP og hadde stillinga fram til 1905. Ein periode var han også innanriksminister i Nederland. I 1913 vart Kuijper kommandør av Den nederlandske løves orden. Frå 1913 var Kuijper medlem i senatet for provinsen Zuid-Holland fram til han døydde i Haag i 1920.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]