Abraham Laboriel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abraham Laboriel spelar i Los Angeles i 1994.

Abraham Laboriel sr. (fødd 17. juli 1947) er ein meksikansk bassgitarist av afro-meksikansk avstamning (garifuna).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Abraham Laboriel vart fødd i Mexico by, men studerte klassisk gitar ved Berklee College of Music i Boston, USA. Henry Mancini oppfordra han til å flytta til Los Angeles for å jobba meir med musikk. Han er ein svært dyktig bassist og har jobba med ei lang rekkje musikarar, m.a. Stevie Wonder, Barbra Streisand, Dolly Parton, Elton John, Ray Charles, Paul Simon, Keith Green, Madonna, Quincy Jones, Engelbert Humperdinck, Crystal Lewis, Chris Isaak, Herbie Hancock og Michael Jackson.

I 1980 danna Abraham Laboriel jazz/fusion-bandet Koinonia saman med perkusjonisten Alex Acuña frå Weather Report, fløytisten Justo Almario m. fl. Bandet spelte stort sett berre instrumentalt og eksperimerte med rytmar og avanserte instrumentsoloar. [1] Koinonia gav ut 4 plater i løpet av 1980-talet, og vart særleg populære i Skandinavia. Laboriel spelte også i gruppa Friendship i tillegg til å ha gjeve ut 3 soloalbum: Dear Friends, Guidum og Justo & Abraham.

I 2005 vart Abraham Laboriel utnemnt til æresdoktor i musikk av Berklee College of Music. Sonen hans, Abraham Laboriel jr. er profesjonell trommeslagar. Ein annan son, Mateo Laboriel er filmprodusent og filmmusikkomponist.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]