Abraham de Moivre
Abraham de Moivre (26. mai 1667–27. november 1754) var ein fransk matematikar kjend for de Moivres formel og arbeid i normaldistribusjon og sannsynsrekning.
Han emigrerte til London etter opphevinga av det nantiske ediktet. Han vart medlem av Royal Society i 1697, og kort før han døydde òg av Det franske vitskapsakademiet. Moivre var ein nær ven av Isaac Newton og Edmond Halley. Han skreiv Doctrine of Chances i 1718, som er eit pionérverk i sannsynsrekning. Han oppdaga den normale sannsynskurva som ofte feilaktig vert tilskriven Johann Carl Friedrich Gauss («Gausskurva»). Gjennom verket Annuities of Lives (1724) vert Moivre rekna som ein av grunnleggjarane av aktuarmatematikken.
[endre] Formelen
De Moivres formel i læra om komplekse tal er følgjande viktige identitet for potensane av eit komplekst tal
