Abram Arkhipov
Abram Jefimovitsj Arkhipov (russisk: Абрам Ефимович Архипов), (27. august 1862–25. september 1930) var ein russisk kunstmålar av den realistiske skulen. Han var medlem av kunstnarfellesskapet Peredvizjnikij så vel som Russlands Kunstnarforeining.
Liv [endre]
Arkhipov var fødd i landsbyen Jegorovo i Rjazan oblast, i ei religiøs, russisk-ortodoks familie. Han forlet heimstaden i 1877 for å ta til ved Moskvas skule for måling, arkitektur og bilethogging. I Moskva kom han under formyndarskap frå ulike russiske målarar, der i mellom Vasilij Perov, Vasilij Polenov og Vladimir Makovskij. I 1883 tok Arkhipov til å studere ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg. Han oppheldt seg der i to år, før han returnerte til Moskva og fullførte kunststudiane der.
Arkhipov vart med i kunstnarfellesskapet Peredvizjnikij i 1889, og slutta seg til Russlands Kunstnarforeining i 1903.
Målar [endre]
Russiske kvinners liv er eit tema som går att i hans kunstverk. Somme av måleria hans basert på ideretninga realismen, skildrar fælslege trekk frå dagleglivet til kvinner. Arkhipov måla også fleire bilete av bondekvinner i landsens Russland. Han syner dei fram i livfulle, tradisjonelle kjolar og nasjonaldrakter. Til liks med andre i Russlands Kunstnarforeining måla Arkhipov jamnleg en plein air. Han reiste og til Nord-Russland og kysten av Kvitsjøen og måla scener der.
Arkhipov underviste ved Moskvas skule for måling, arkitektur og bilethogging, der han tidlegare hadde studert. Arkhipov melde seg inn i ”Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland" i 1924, og i 1927 vart han tildelt tittelen Folkets kunstnar av Sovjetunionen.
Arkhipov døydde i Moskva i 1930.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Abram Arkhipov» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2009.