Abrasiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit abrasiv eller eit slipemiddel er eit materiale, ofte eit mineral, som vert brukt til å slipa med. Ordet har samanheng med abrasjon. Abrasiv slitasje er slitasje som kjem av friksjon når to material med ulik hardleik vert gnidne mot einannan.

På norsk vert ordet abrasiv gjerne brukt i samband med sandblåsing og liknande operasjonar, der ein reingjer og sliper med trykkluft eller vatn som er tilsett eit slipande stoff. For å skjera eller slipa i metall, glas, betong og andre harde material, er det vanleg å bruka diamant, smergel eller sand. Abrasivet kan som sagt verta påført arbeidsstykket under trykk eller frå ei slipeskiva eller slipepapir. Vatn kan òg vera eit sjølvstendig slipemiddel, men vert då ikkje kalla eit abrasiv.

Ei fil verkar på same måten som eit abrasiv, men er ikkje rekna som eit abrasiv fordi ho eigenleg skjer i materialet med riller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]