Abrau

Koordinatar: 44°42′N 37°35.5′E / 44.700°N 37.5917°E / 44.700; 37.5917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abrau
innsjø
Ei kyrkje ved innsjøen
Land  Russland
Innsjøtype Karst
Høgd over havet 84 moh.
Koordinatar 44°42′N 37°35.5′E / 44.700°N 37.5917°E / 44.700; 37.5917
Byar Abrau-Djurso
Kart
Abrau
44°42′00″N 37°35′30″E / 44.7°N 37.591666666667°E / 44.7; 37.591666666667
Wikimedia Commons: Abrau (Lake)

Abrau (russisk Абрау; frå det abkhasisk for «slukhol») er ein karstsjø i Russland og den største i Krasnodar kraj. Han ligg 84 meter over havet, ved foten til Nord-Kaukasus, om lag 14 km frå hamnebyen Novorossijsk ved Svartehavet. Innsøjen er om lag 2,6 km lang og 600 meter brei.

Tidleg på 1900-talet vart innsjøen rapportert å vere 35 meter djup, men i dag er det djupaste punktet berre 10 meter. Abrau har ikkje noko utsig via elvar. Tilsigsområdet rundt innsjøen er eit stort vinområde med mange vingardar ved landsbyen Abrau-Djurso.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]