Abraxas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Graveringar frå ein abraxasstein.

Abraxas er eit gresk ord frå oldtida som ofte har vorte funne rissa inn med greske bokstavar i steinar som har vorte brukt som talismanar eller amulettar. Desse vert kalla abraxassteinar.

Det har funnest fleire teoriar om kva ordet «abraxas» tyder. Den forklaringa som har hevd i dag er at det er eit ord gnostikarane brukte for gud. Basilides og dei andre gnostikarane brukte i det andre hundreåret «abraxas» som ei løyndomsfull nemning på den høgaste guddomen (jamfør tetragram). Etter alfabetisk numerologi i det greske talsystemet vil «abraxas» gje desse verdiane: a = l, b = 2, r = 100, a = l, s = 200, a = l, x= 60. Når ein legg dei saman får ein summen 365.

På abraxassteinane var det i tillegg til ordet abraxas gravert inn ein fantasifigur. Figuren symboliserer den øvste guden, urvesenet, til gnostikarane. Talet 365 skulle symbolisera at vesenet hadde 365 underskapande eigenskapar. Ein har funne mange slike steinar, som i dag ligg på ulike kunstsamlingar og museum.

Andre tydingar av ordet[endre | endre wikiteksten]

  • Det har vorte hevda at Abraxas var namnet på hesten til guden Aurora i gresk mytologi.
  • Ikkje-gnostiske kristne såg på Abraxas som ein demon.
  • I boka Utopia av Thomas More hadde idealøya Utopia også eit eldre namn, nemleg Abraxas.
  • Ein mindre truverdig teori går ut på at Abraxas har hatt samanheng med trylleordet abrakadabra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]