Abrogera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Å abrogera (frå latin abrogatio, 'opphevande, avskaffande') vil seia å avskaffa noko. Det kan mellom anna visa til å oppheva ei lov.

Islam[endre | endre wikiteksten]

Ordet vert ofte brukt som ei omsetjing av naskh, det å sjå vekk frå eller å revidera muslimske lover. Teknikken kan brukast i samband med tilsynelatande motseiande koransurer og sunnatradisjonar, men har i løpet av det siste hundreåret blitt avvist av stadig fleire.

USA[endre | endre wikiteksten]

The Abrogation doctrine er ei doktrina i Sambandsstatane si grunnlov. Doktrina går ut på at kongressen kan «trekkja attende» delstatane sin immunitet mot søksmål som delstaten ikkje har godteke (altså å abrogera immuniteten deira).

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.