Absalon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Absalon eller Absalom er eit mannsnamn med bibelsk opphav. Namnet tyder Far er Fred.

Utbreiinga av namnet stammar hovudsakleg frå at den tredje sonen til kong David heitte Absalom. Andre Samuelsbok i Bibelen fortel at han drap bror sin, Amnon fordi Amnon hadde valdteke syster deira. Etter dette vart David vreid på Absalom og Absalom måtte rømma. Han fekk etterkvart koma heim att, men gjorde opprør mot faren og vende folket mot han. Absalon døydde då han vart hengjande etter håret i ei eik og vart stukken og slegen av faren sine soldatar, mot faren sin ordre.

Absalon er i dag svært uvanleg i Noreg, og har ikkje namnedag etter Almanakken.

Namnet Aksel er avleia av Absalon.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Absalom, Absalom! er namnet på ein roman frå 1936 av William Faulkner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]