Absalon Pederssøn Beyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minnestein på kyrkjegarden ved Vangen kyrkjeAurlandsvangen.

Absalon Pederssøn Beyer, også kalla magister Absalon (15289. april 1575) var ein norsk prest, historikar, forfattar og lærar. Han var ein sentral norsk humanist som bidrog sterkt til den andelege reformasjonen i Noreg.

Beyer var født i Aurland i Sogn og blei elev ved latinskulen i Bergen. Som elev budde han hjå biskop Gjeble Pedersøn, og biskopen støtta vidare studiar ved universitetet i København (1544–49) og Wittenberg (1549–51). I 1552 tok Beyer magistergrad i København, og året etter blei han lektor i teologi ved Bergen katedralskule.

Absalon Pederssøn Beyer sine dagboksniotat frå 1552–72 er også kjend som Bergens kapitelsbok og skildrar samtida hans i Bergen. Om Norgis rige, skrive i 1567 men først trykt i 1781, tek for seg stordomstida og forfallet til nasjonen og rakkar ned på hanseatane. Beyer skeiv også ein Oration om mester Geble.

Beyer var gift med Anne Pedersdotter. Som enkje blei ho anklaga for trolldom og brend i 1590.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.