Absint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Absint i eit glas. Ved sida av står ei absintskei, som vert brukt til å løysa opp sukkeret.

Absint er eit bittert brennevin laga av m.a. malurt og anis. Drikken har svært høgt innhald av alkohol, vanlegvis 45–78%. Smaken på absint minner om andre brennevinsortar laga av anis, men er noko meir bitter og kompleks på grunn av urtene.

Mange kallar absint ein likør, men absint er ikkje tilsett sukker og høyrer til difor ikkje denne gruppa av brennevin.

Absint vert omtala som «la fée verte» (den grøne fea) på grunn av fargen. Absint er oftast bleikt grøn eller smaragdgrøn, men kan stundom òg vera blank. På grunn av den høge alkoholprosenten og konsentrasjonen av oljer vert absint ofte blanda ut med tre til fem delar iskaldt vatn. Då vert drikken tåkete. Vatnet vert gjerne brukt til å løysa opp sukker, som vert tilsett for å dempa den bitre smaken. Desse førebuingane vert sett på som ein viktig del av opplevinga ved å drikka absint, faktisk så viktig at førebuingane har vorte eit heilt eige rituale med spesiallaga absintskeier og anna utstyr.

Absint kjem frå Sveits, der han først vart introdusert som ein «eliksir», men vart betre kjend for populariteten mellom franske kunstnarar seint på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. På høgda av drikken sin popularitet vart absint av kritikarane sett på som eit farleg, avhengigheitsskapande hallusinogen. Stoffet tujon, som finst i malurt, fekk skulda for den hallusinogene effekten.

Absint i opphavleg form vart forbode rundt 1915 fordi ein meinte det førte til skader på nervesystemet. I 1990-åra dukka det opp ei ny utgåva av absint, som ein i dag får kjøpt på Vinmonopolet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehoug og Gyldendals LILLE NORSKE LEKSIKON. Kunnskapsforlaget 1998.