Absolute Beginners av David Bowie
| Absolute Beginners Singel av David Bowie frå albumet Absolute Beginners: The Original Motion Picture Soundtrack |
||
| B-side | Absolute Beginners (Dub Mix) | |
|---|---|---|
| Utgjeve | mars 1986 | |
| Innspelt | Abbey Road Studios, London, juni 1985 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 8:03 (albumversjon) 5:36 (singelversjon) |
|
| Selskap | Virgin VS838 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | David Bowie, Alan Winstanley, Clive Langer | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Dancing in the Street» (1985) |
Absolute Beginners | «Underground» (1986) |
«Absolute Beginners» var temasongen til filmen med same namn (frå romanen Absolute Beginners), skriven og framført av David Bowie.
Bowie var god ven med filmregissøren Julien Temple (som hadde arbeidd med han i 1984 med kortfilmen Jazzin' for Blue Jean), og fekk både ei birolle som Vendice Partners, og ein avtale om å spele inn teamsongen.
Innspelingane i Abbey Road Studios vart gjort på uvanleg vis, der ei gruppe studiomusikarar alle fekk kort om å arbeide i studio med «Mr X», som viste seg å vere Bowie. Innspelingane vart gjort raskt, men songen vart utsett på grunn av problem med å gjere filmen ferdig. Virgin ønskte å gje ut songen i samband med premieren til filmen. Kor tid etter innspelinga var over, kom Mick Jagger inn og spelte inn «Dancing in the Street», der dei nytt mange av dei same musikarane. Songen blanda ein 1950-tals doo-wop-stil med 80-talsstilen til Bowie.
Temple filma òg ein video, som var filma i stil som ein film frå 1950-åra. Videoen var ein hllest til ein gammal britisk reklame for Strand-sigarettar. Det uheldige slagordet deira «You're never alone with a Strand», «du er aldri aleine med ein Strand», er sitert av Partners i filmen. Videoen nyttar òg filmklipp frå filmen.
Singelen nådde andreplassen i Storbritannia og 53. plass i Amerika. Bowie har spelt songen på konsertar under Glass Spider-turneen og turneen i 2000.
Innhaldsliste |
Medveande [endre]
- Musikarar:
- David Bowie: vokal
- Rick Wakeman: Piano
- Kevin Armstrong: Gitar
- Matthew Seligman: Bass
- Neil Conti: Trommer
- Luis Jardim: perkusjon
- Mac Gollehon: Trompet
- Don Weller, Gary Barnacle, Paul «Shilts» Weimar, Willie Garnett, Andy MacKintosh, Gordon Murphy: Saksofon
- Steve Nieve: tangentinstrument
- Janet Armstrong: Korvokal
Gil Evans syng refrenget til songen i filmen.
Konsertversjonar [endre]
- Songen vart spelt på turneen til Bowie i 1987, Glass Spider Tour.
- Ein versjon spelt inn på BBC Radio Theatre i London, den 27. juni 2000, vart gjeven ut på ein bonusdisk som følgde den første utgåva av Bowie at the Beeb.
Andre utgjevingar [endre]
- I 1995 vart songen gjeven ut som bonusspor på Virgin Records si utgåve av albumet Tonight.
- Songen finst på følgjande samlealbum:
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- ChangesTwoBowie (1998-utgåva)
Andre versjonar [endre]
- Info Riot - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
- Saint Etienne - Konsertopptak
- Carla Bruni in We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010).
Listeplasseringar [endre]
| Liste | Plassering |
|---|---|
| Storbritannia | 2 |
| Canada | 3 |
| US Mainstream Rock Tracks | 9 |
| US Billboard Hot 100 | 53 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Absolute Beginners (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5