Absolutt rørsle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Absolutt rørsle er rørsle i forhold til rommet, utan referanse til noko anna.

Omkring 1860 oppdaga den skotske fysikaren James Clerk Maxwell at lys er elektromagnetiske bølgjer. Fysikarane meinte at dei elektromagnetiske bølgjene måtte ha eit medium å breie seg i og dette vart kalla eteren. Ein meinte at eteren var i ro og fylte heile universet. Absolutt rørsle vart då oppfatta som rørsle i forhold til eteren.

Jorda har ein snøggleik på om lag 30 km/s i banerørsla si rundt sola. Albert Michelson og Edward Morley utførte i 1887 eit eksperiment for å måle denne snøggleiken, som vart oppfatta som ein snøggleik gjennom eteren. Men eksperimentet gav ikkje noko resultat.

I følgje relativitetsteorien kan ikkje absolutt snøggleik målast og det finst heller ingen eter. Dei elektromagnetiske bølgjene er svingingar i elektriske og magnetiske felt og flyttar seg gjennom tomt rom. Ein kan berre måle rørsla til ein lekam i forhold til eit anna.

Omgrepet absolutt rørsle, eller Motus Absolutus, vart første gong brukt av Isaac Newton i Philosophiæ naturalis principia mathematica.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Isaac Newton (1687). «Philosophiae Naturalis Principia Mathematica - Definitiones» (på latin). Henta 19. oktober 2008. «IV. Motus Absolutus est translatio corporis de loco absoluto in locum absolutum, Relativus de relativo in relativum.»