Absorpsjonskoeffisient
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Absorpsjonskoeffisienten α er ein eigenskap til eit stoff som avgjer kor mykje energi stoffet kan absorbere. Dette kan vere til dømes lydbølgjer eller elektromagnetisk stråling. Wallace Sabine var ein pioner innan akustikk og definerte eininga sabine. Ein sabine er definert som brøkdelen av akustisk kraft sin vert absorbert av eit ope vindauge på éin kvadratmeter. I SI-systemet vert eininga til absorpsjonskoeffisienten målt i inverse meter, og er representert med den greske bokstaven α.
Innhaldsliste |
[endre] Oversyn
I kjemi, biologi og fysikk er absorpsjonskoeffisienten eit mål på kor mykje lys eit spesifikt molekyl kan absorbere. Koeffisienten er nært knytt til absorpsjonstverrsnitt.
Kjennskap til absorpsjonskoeffisienten held berre for å skildre energiforplantinga gjennom eit homogent system. Forplanting gjennom hetrogene system er påverka av spreiing,[1]. Det meir generelle uttrykket demping tar hand om både absorpsjon og spreiing. Han vert mykje nytta i akustikk som dempingskoeffisient for å skildre partikkelstorleiksfordeling.[2],[3].
Absorpsjonskoeffisient kan representere forskjellige ting, som til dømes korleis lyd flyttar seg gjennom eit stoff, eller korleis radioaktive partiklar flyttar seg gjennom eit stoff.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Absorption coefficient» frå Engelsk Wikipedia, den 14. august 2008.
- Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene: