Abstraksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Abstraksjon kjem av det latinske verbet abstrahere, som eigentleg tyder å trekkja vekk eller sjå vekk ifrå.

Ordet vert brukt om tenkjemåtar der ein skil ut nokre element av eit emne for å samla seg om resten. Dette er ein måte å koma fram til fellestrekk eller felles eigenskapar og klassifiseringar, såkalla universalia, på.

I filosofi og kunst vert adjektivet abstrakt ofte brukt om ting som ein ikkje kan gripa fatt i. Omgrep som venleik, åndeleg og samtale er døme på abstrakte ting. Noko abstrakt er vanskeleg å skildra utan å ta utgangspunkt i noko handfast, noko konkret, som er det motsette av abstrakt.

Abstrakt kunst er ofte det same som nonfigurativ kunst. Det vert òg brukt når ein kunstnar har lagt meir vekt på element og samanhengar i biletet enn på at noko skal likna på røynda. Kubismen vert til dømes av og til rekna som anstrakt kunst.

Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Personlege verktøy