Abydos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abydos og Hellespont

Abydos var ein by i Mysia i Vesleasia i antikken. Byen låg ved det smalaste punktet av sundet Hellespont, om lag to kilometer frå dagens Çanakkale i Tyrkia. Andsynes Abydos låg SestusGallipolihalvøya, den europeiske sida av sundet. Abydos var i oldtida ein viktig by og senter for Osiriskulta. To godt bevarte tempel frå rundt 1300 står ved staden i dag.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Abydos vart først nemnd i oversikta over Troja sine allierte i Iliaden. Det var truleg ein trakhisk by, men vart seinare kolonisert av milesarar. Xerxes bygde to bruer av båtar og kryssa sundet i 480 fvt. då han invaderte Hellas i Persarkrigane. Abydos er òg kjend for den sterke motstanden mot Filip V av Makedonia i år 200 fvt., og for soga om Hero og Leander.

Den bysantinske keisaren Basileios II slo ned eit opprør ved Abydos i 989. Byen var den viktigaste tollstasjonen ved sundet under den bysantinske perioden. I 1203 stogga det fjerde krosstoget ved Abysos og plyndra åkrane i ei veka før dei heldt fram mot Konstantinopel.

Den osmanske sultanen Mehmet II erobra det bysantinske riket i 1453. For å styrkja kontrollen over Hellespont oppførte han i 1456 to fort, dei såkalla «gamle slotta», eitt ved Abydos og eitt ved Sestos. I 1658 vart «dei nye slotta» oppførte ved munningen av sundet.

I 1675 vart den første arkeologiske utgravinga av byen gjennomført.

I 1810 vitja Lord Byron Abydos og sumde over Hellespont, etter å ha mislukkast på det første forsøket. Han skreiv seinare diktet The Bride of Abydos. I 1843 måla Eugène Delacroix biletet La fiancée d'Abydos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]