Abyssinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Abyssinar er ein av dei eldste katterasane ein kjenner til. Ein veit ikkje i dag kor rasen oppstod, men han kom til Storbritannia frå Etiopia (tidl. Abyssinia) i 1868, og fekk difor namnet abyssinar.

Abyssinaren er smidig og elegant og har ein velproporsjonert og muskuløs langstrakt kropp og eit middels langt hovud. Han kan verta 4-7,5 kg. Pelsen er kort, tett og glatt. Det finst òg ein langhåra variant, som heiter somali.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.