Acadia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til Acadia

Acadia (fransk l'Acadie) var ei samling av franske koloniar som vart grunnlagde i Nordamerika på 1600-talet. Acadia hadde hovudsakleg sentrum rundt Nova Scotia i dagens Canada. Området omfatta New Brunswick, Nova Scotia og Prince Edward Island, New England og delar av Quebec.

Dei franske innbyggjarane i Acadia skapte sitt eige samfunn uavhengig av Quebec, i nært samarbeid med lokale indianarar. Under den britiske krigen mot indianarane, der Frankrike stod på indianarane si side, vart Acadia formelt avstått til Storbritannia i Utrecht-avtalen i 1713. Britane tvilte på lojaliteten hjå acadiarane, og freista å tvinga dei til å avgje ein truskapseid. Då dei ikkje gjorde dette, raserte britane om lag 6000 hus og i 1755 vart alle innbyggjarane drivne frå heimane sine. Dette tidlege dømet på etnisk reinsing (the Grand Expulsion) vart utropt til høgtidsdag. Fem år seinare, i 1760, overtok britiske lojalistar eigedommane til acadiarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]