Accept

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Accept er eit tungmetallband frå Solingen i Tyskland.[1] Dei platedebuterte i 1979 med albumet Accept,[2] men slo igjennom internasjonalt først med den femte plata, Balls to the Wall (1983) i utgjevingsåret og året etter.[3] Restless and Wild frå 1982 blir rekna som stilskapande for sjangeren speed metal, særleg i kraft av opningslåta «Fast as a Shark».[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1968-1978[endre | endre wikiteksten]

Dirkschneider starta Band X saman med Michael Wagener i 1968. Gruppenamnet vart endra til Accept i 1971. Wagener slutta i 1971, og har sidan gjort karriere som plateprodusent. Over dei neste åra var det mange utskiftingar i bandet fram til debuten.[5]

1979-1986[endre | endre wikiteksten]

Accept gav ut sju plater med songaren Udo Dirkschneider før han forlet bandet for det nye bandet U.D.O.. Gitaristen Jörg Fischer forlet samtidig bandet.

1987-1989[endre | endre wikiteksten]

Bandet gjekk først ut med Rob Armitage frå engelske Baby Tuckoo som ny vokalist.[6] Før den nye plata kom var det likevel amerikanske David Reece som var frontfigur i Accept. Den nye plata, Eat the Heat, tok ei meir kommersiell retning enn bandet hadde hatt til da. Accept blei oppløyst for første gong i slutten av 1989.

1993-1996 og 2005[endre | endre wikiteksten]

Dirkschneider returnerte til Accept og var med på tre plater i åra 1993-1996, men så vart bandet blei oppløyst att like etter utgjevinga av Predator i 1996. Dei spelte på festivalar i 2005, men det var meldt på førehand at ei plateutgjeving ikkje var aktuelt.

Frå 2010[endre | endre wikiteksten]

Med Blood of the Nations i 2010 var Accept tilbake med enda ein amerikanar som vokalist, denne gongen Mark Tornillo frå T.T. Quick. Oppfølgjaren Stalingrad kom i 2012. 17. juli 2014 kjem tredje plate med Tornillo på vokal, Blind Rage.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Wolf Hoffmann (gitar) og Peter Baltes (bass) er kreditert på alle utgjevingane.

Dirkschneider er vokalist på utgjevingane 1979-1986 og 1993-1996. Reece er vokalist på Eat the Heat, og Tornillo på utgjevingane sidan 2010.

Stefan Kaufmann er trommeslagar på utgjevingane 1980-1994. På Accept var det Frank Friedrich. På Predator er ingen trommeslagar kreditert som bandmedlem. Stefan Schwarzmann er kreditert på utgjevingane sidan 2010.

Jörg Fischer var gitarist på utgjevingane 1979-1981 og 1985-1986 ved sida av Hoffmann. Herman Frank er kreditert på Restless and Wild og Balls to the Wall, samt utgjevingane sidan 2010. På Eat the Heat er Jim Stacey kreditert. På utgjevingane 1993-1996 er berre Hoffmann kreditert.

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Accept (1979)
  • I'm a Rebel (1980)
  • Breaker (1981)
  • Restless and Wild (1982)
  • Balls to the Wall (1983)
  • Metal Heart (1985)
  • Russian Roulette (1986)
  • Eat the Heat (1989)
  • Objection Overruled (1993)
  • Death Row (1994)
  • Predator (1996)
  • Blood of the Nations (2010)
  • Stalingrad (2012)

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Kaizoku-ban (mini-LP innspelt og utgjeven 1985)
  • Staying a Life (dobbelt-LP innspelt 1985 og utgjeven 1990)
  • All Areas – Worldwide (dobbel CD innspelt 1993 og 1994, utgjeven 1997)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclopaedia Metallum om Accept
  2. Diskografien til Accept på Encyclopaedia Metallum
  3. Daniel Bukszpan: The Encyclopedia of Heavy Metal (Sterling, New York 2012), s. 18
  4. Songfacts om «Fast as a Shark»
  5. Dirkschneider sin biografi på heimesida til U.D.O.
  6. Malc Macmillan: The New Wave Of British Heavy Metal Encyclopedia (Iron Pages, London 2001), s. 57
  7. Blabbermouth om utgjevinga av Blind rage