Haukefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Accipitriformes)
Haukefuglar
Hønsehauk Accipiter gentilis
Hønsehauk
Accipiter gentilis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Vieillot, 1816

Haukefuglar, Accipitriformes, er ein biologisk orden på ca. 265[1] fugleartar som lever av byttedyr eller åtsel. Haukefamilien med haukar, ørner og glentar, samlar langt dei fleste av desse.

Saman med falkar og karakaraer i ordenen Falconiformes utgjer haukefuglar dei vi reknar som dagaktive rovfuglar. I norsk daglegtale er ofte dei nattaktive rovfuglane Strigiformes, ugler, nemnt som rovfuglar, men uglene er ikkje i slekt med dei andre rovfuglane i Accipitriformes.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Haukefuglar er kjent frå midtre eocentida. Dei har kraftig, kroket nebb med ein mjuk sere med plass for for naseopningane. Vengene er lange og relativt breie, godt egna for glideflukt. Dei 4-6 ytre primærfjøra er avsmala.

Haukefuglar har sterke bein og føter med rovklør og ei kraftig bakklo. Nesten alle er kjøttetande, dei jaktar med synet i dagslys eller i tussmørker. Dei kan ha svært lang levetid, og dei fleste har låg reproduksjonsrate.

Haukefuglar veks særs fort fram til dei er flygedyktige, deretter får dei mat ved reiret i 3-8 veker etter første flygeturen. Det tar frå eitt til tre år før dei er forplantingsdyktige. Kjønna har tydeleg ulik storleik, hos somme artar kan hoer ha over dobbelt vekt av hannen sin vekt. Meir typisk er hannen ein tredel under storleiken til hoer. Kjønnsdimorfismen er vanlegvis mest ekstrem hos spesialiserte fugleetarar, som haukane i slekta Accipiter, men han vere heilt fråverande hos gribbar. I hovudregelen er rovfuglar monogame, dei kan finne ny parter om den gamle døyr.

Accipitriformes er blant dei mest varierte ordenar i storleik. Den minste arten kan vere dverghauk, Accipiter minullus, som måler 23 cm. Den største arten er munkegribb, på opptil 14 kg, 118 cm og 3 m i vengespenn.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt var haukefamilien, sekretærfugl og fiskeørn rekna som del av Falconiformes. Men nyare studiar har ført til at ornitologar vel å skilje dei tre nemnte familiane ut til ein ny orden Accipitriformes, slik at falkefamilien blei isolert innanfor Falconiformes.[2] Klassifiseringa av denne ordenen er vanskeleg å handsama på ulike vis, til dømes var dei 7 kondorartane tatt ut av Accipitriformes, og heller plassert inn i sin eigen orden i ein periode.[3]

Per 2021 er Accipitriformes anerkjent som biologisk orden av klassifiseringsautoritetar som IOC[1] og Clementslista.

Familiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.2). doi : 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 15. august 2021
  2. John Harshman, «Accipitriformes», Version 27 June 2008 Arkivert 2020-06-24 ved Wayback Machine. i The Tree of Life Web Project
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections – August 2017 Cornell Lab of Ornithology. Henta 17. desember 2019