Accra
| Accra | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Region |
Greater Accra |
| Grunnlagd | 15. århundre |
| Ordførar | Alfred Vanderpulje |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
173 km² |
| Innbyggjarar - By (2012) |
2 291 352 |
| Høgd over havet | 61 m |
| Diverse anna | |
| Nettstad: www.ama.gov.gh/ | |
Accra er hovudstaden i Ghana. Byen har 2 291 352 innbyggjarar (2012) og er den største byen i landet.
Byen voks fram rundt britiske og nederlandske fort i det 17. hundreåret. I 1877 erstatta han Cape Coast som hovudstad for den britiske kolonien Gullkysten. Etter at det hadde vorte bygd jarnbane inn i landet frå Accra, vart byen det økonomiske sentret i kolonien, og han er framleis finanssentrum i Ghana.
Ein finn òg spor etter dansk-norske slavehandlarar i byen, sidan fortet Christiansborg slott er bevart. I byen ligg òg National Museum of Ghana og Central Library of Ghana. University of Ghana ligg i Legon, kring 13 km nord for Accra.
Forsvarskommisjonen til Organization of African Unity har hovudkvarteret sitt i Accra.
Den viktigaste flyplassen er Kotoka International Airport.