Acem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Acem er ein norsk ideell organisasjon som driv undervisning i Acem-meditasjon. Organisasjonen vart skipa i av Are Holen i Oslo i 1966. Metodane deira byggjer på moderne psykologi utan tilknyting til religion.

Acem underviser òg i yoga og gruppepsykologi. Dei gjev dessutan ut tidsskriftet Dyade og driv ein lokalradio.

Acem er kjende for store loppemarknadar i Oslo på 1970- og 1980-talet. I 2003 kjøpte dei konferansesenteret Halvorsbøle. I tillegg til Noreg har dei aktivitet i Sverige, Danmark, Nederland, Storbritannia, Tyskland, Spania, India og Taiwan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]