Ach Herr, mich armen Sünder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ach Herr, mich armen Sünder
BWV 135
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 25. juni 1724
Publiseringsdato 1881
Typisk lengd 14:46
Satsar 6

Ach Herr, mich armen Sünder, BWV 135, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den tredje sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 25. juni.

Teksten er skriven av Cyriakus Schneegaß (sjette sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Befiehl du deine Wege». Denne melodien vart opphavleg komponert av Hans Leo Hassler som den verdslege kjærleikssongen «Mein G’müt ist mir verwirret von einer Jungfrau zart», trykt i 1601.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, som består av trombone (openingskoralen) og valthorn (i avslutningskoralen), samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Ach Herr, mich armer Sünder», Koral
  2. «Ach heile mich, du Arzt der Seelen», Resitativ for tenor
  3. «Tröste mir, Jesu, meine Gemüte», Arie for tenor
  4. «Ich bin von Seufzen müde», Resitativ for alt
  5. «Weicht, all ihr Übeltäter», Arie for bass
  6. «Ehr sei ins Himmels Throne», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]