Achill

Koordinatar: 53°58′N 10°00′W / 53.967°N 10.000°W / 53.967; -10.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Achill Island
Lokalt namn Acaill, Oileán Acla
Fjellet Slievemore er dominerande på Achill Island
Fjellet Slievemore er dominerande på Achill Island
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 53°58′N 10°00′W / 53.967°N 10.000°W / 53.967; -10.000

Areal 148 km²

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Mayo

Demografi
Folketal 2 700

Keem Bay på Achill

Achill (irsk Acaill, Oileán Acla) er den største øya i Republikken Irland. Ho ligg i County Mayo på vestkysten av Irland. Ho har om lag 2 700 innbyggjarar og eit areal på 148 km². Achill er forbunde til fastlandet via Michael Davitt-brua mellom landsbyane Achill Sound og Polranny. Brua er ein kombinasjon av ei vegfylling og ei svingbru, slik at små båtar kan passere forbi. Den første brua over sundet vart bygd i 1887, men denne vart erstatta av den noverande brua i 1949. Andre landsbyar på øya er Keel, Dooagh, Dooega og Dugort. Ein meiner det har budd folk på Achill i 5000 år. Ei padleåre frå denne perioden vart funnen ved ein crannog, ei førhistorisk kunstig øy, nær Dookinella.

87 % av øya består av torvmyr. Kommunen Achill inkluderer òg Corraunhalvøya. Folket på Corraun reknar seg sjølv som ein del av Achill-folket.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya har vore busett i 5000 år og ein meiner at det budde 500-1000 menneske her på slutten av steinalderen. Øya var stort sett skogkledd fram til steinalderfolket byrja å dyrke avlingar. Folketalet auka gjennom jernalderen og restar av små fort langs kysten indikerer at det var ei krigersk tid. Grace O'Malley hadde i borg ved Kildownet på 1500-talet.

På 1600- og 1700-talet flytta mange frå Achill til andre delar av Irland, særleg til Ulster, på grunn av den politiske og religiøse uroa på den tida. Ei stund vart det snakka to dialektar av irsk på Achill. Dette førte til at mange distrikt hadde to namn under den geografiske oppmålinga i 1824, og enkelte kart i dag gjev òg to namn for same stad. Ein kan i dag finne spor av Achill-irsk i ulster-irsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Heinrich Böll: Irisches Tagebuch, Berlin 1957
  • Kingston, Bob: The Deserted Village at Slievemore, Castlebar 1990
  • McDonald, Theresa: Achill: 5000 B.C. to 1900 A.D. Acheology History Folklore, I.A.S. Publications [1992]
  • Meehan, Rosa: The Story of Mayo, Castlebar 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Achill