Acrocephalidae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Acrocephalidae


Australtrastsongar, Acrocephalus australisFoto: Brett Donald
Australtrastsongar, Acrocephalus australis
Foto: Brett Donald

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekter
Vitskapleg namn
Acrocephalidae

Acrocephalidae er ein nyleg skildra biologisk familie av små sporvefuglar tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae. Acrocephalidae inneheld fire slekter, med kjerrsongarar som den dominerande med 36 artar.

Artane i denne familien er i regelen ganske store «songarar». Dei fleste er ganske vanleg olivengrøne til brune med lysare gult til beige på undersida. Dei er vanlegvis funne i ope skogsterreng, takrøyrskog eller høgt gras. Familien finst mest i sørlege til vestlege Eurasia, men utbreiingsområdet strekkjer seg òg langt inn Stillehavet, med somme artar i Afrika. Slektgrensene har trong for revisjon, men det er i dag lite kunnskap om korleis det bør skje.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Acrocephalidae-songarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Nesillas

Slekt Calamonastides

Slekt Iduna

Slekt Hippolais

Slekt Acrocephalus 37 kjerrsongarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  3. The Clements Checklist, Updates & Corrections - Dec 2009