Across the Universe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Across the Universe
Song av The Beatles
frå albumet No One's Gonna Change Our World
Utgjeve 12. desember 1969
Innspelt 4. februar 1968, EMI Studios, London
Sjanger Psykedelisk folk
Lengd 3:50
Selskap Regal Starline
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Across the Universe
Song av The Beatles
frå albumet Let It Be
Utgjeve 8. mai 1970
Innspelt 4. februar 1968, Abbey Road Studios i London, England
Sjanger Psykedelisk folk
Lengd 3:47
Selskap Apple
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent Phil Spector

«Across The Universe» er ein song av The Beatles som først vart gjeven ut som veldedighetssang og seinare, i ei anna utgåve, på albumet Let It Be frå 1970. Han er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I 1967 gjekk ekteskapet mellom Lennon og kona Cynthia Powell mot slutten. Ei natt, etter ein krangel, slengte Lennon seg ned på senga og let tankane berre flyte. Der kom orda «pools of sorrow, waves of joy» til han. Han vart fengsla, greip penn og papir, heldt fram tankerekka og skriv teksten til det som vart «Across the Universe». Neste morgon tok Lennon tekststrofene med til pianoet. Han starta å spele nokre akkordar, bygde songen og la til overgangen, hans eige mantra: «Jai Guru Deva Om». Desse orda har fleire tydingar: «Jai» tyder mellom anna 'håp' og 'takk', «Guru» tyder 'lærar' og «Dev» tyder 'gud'; «Om» eller «Ohm» er lyden av universitet i balanse.

Innspilling[endre | endre wikiteksten]

Dei andre tre Beatles-medlemmane var likegyldige til songen då Lennon spelte han til dei i studioet. Han vart skriven i løpet av den såkalla «Peppertime»-perioden til banet med psykedeliske eksperiment og songen trefte ikkje kjenslene eller tankegangen til dei andre. Ein dag då George Harrison og Ringo Starr hadde gått, bad McCartney om å få høyre songen om att. Dei spelte han og avgjorde å gjere ei innspeling. Dei sakna eit kor, og gjekk ut på gata og henta inn ein del av jentene som hang utanfor studioet, 'Apple Scruffs' som dei vart kalla. Det improviserte koret representerer den første av i alt to gonger i Beatles-historia der kvinnestemmer vart nytta på ein Beatles-song (den andre i «The Continuing Story of Bungalow Bill» seinare same år). I løpet av dei neste vekene spelte dei inn fleire utgåver av songen, og nokre av forsøka var dei nøgde med.

Songen vart donert til World Wildlife Fund-albumet Noone's Gonna Change Our World der tittelen er teken frå referenget til «Across the Universe». Fuglekvitter vart lagt på songen for å gje han eit naturmotiv.

Men The Beatles var ikkje heilt nøgd med denne utgåva. Særskild Lennon var knytt til songen og spelte han fleire gonger i løpet av «Get Back»-opptaka i 1969, slik filmen Let It Be viser. Då Phil Spector eigenrådig tok over, rekompilerte han songen ved å senke tempoet, la på orkester og kor, og skapte dermed den velkjente albumversjon på Let It Be.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

No One's Gonna Change Our World/Past Masters-versjonen:

Let It Be-versjonen:

Let It Be... Naked-versjonen:

Produksjon
  • George MartinHammondorgel, produsent (original 1968-versjon)
  • Phil Spector – produsent (1970-versjon)
  • Ken Scott, Martin Benge – lydteknikar (original 1968-versjon)
  • Jeff Jarratt – ny miks (1969 No One's Gonna Change Our World-versjonen)
  • Peter Bown, Mike Sheady – innspeling og ny miks (1970 Let It Be-versjonen)
Personell per Ian MacDonald[3]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn av fleire musikarar, mellom andre Fiona Apple i filmen Pleasantville, Rufus Wainwright, 10cc, Beholeand og Lana Lane. Han har òg vore eit populært avslutningsnummer på veldedigheitskonsertar.

David Bowie-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Across the Universe
Song av David Bowie
frå albumet Young Americans
Utgjeve 7. mars 1975
Innspelt kring 12.–15. januar 1975[4]
Sjanger Blue-eyed soul[5]
Lengd 4:29
Selskap RCA
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent David Bowie, Harry Maslin

«Across the Universe» vart spelt av den engelske musikaren David Bowie i 1975 på det niande studioalbumet hans, Young Americans. Han spelte inn sin versjon i Electric Lady Studios i New York City i januar 1975, same dagen som han spelte inn «Fame».[5] Versjonen er ein blue-eyed soul-song med Lennon på gitar og korvokal. Lennon sa seinare: «Eg tykte det var flott fordi eg aldri har gjort ein god versjon av den songen sjølv. Det er ein av mine favorittsongar, men eg likte ikkje min eigen versjon.»[5] Bowie var samd og meinte at originalversjonen til Beatles var «veldig vassaktig» og ønskte «hamre helvete ut av songen.»[6]

Bowie si utgåve av «Across the Universe» har generelt fått negativ omtale av kritikarar og biografiforfattarar. Douglas Wolk i Pitchfork kalla det «det einaste genuint flaue augneblikket på albumet, Vegas-aktig og eit antiklimaks.»[7] Biografen Chris O'Leary var samd og kalla det «ein av hans fullstendig smaklause innspelingar.»[6] Forfattaren Peter Doggett skildra songen på liknande vis som «bombastisk», «pretensiøs» og «ein bisarr måte å etterlikne Lennon på.»[8] Trass i at han generelt vert rekna som eit av dei lågaste punkta i «dei gyldne åra» til Bowie, gav biografen Nicholas Pegg songen positiv omtale og kalla han «utsøkt vakker».[5]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Everett 1999.
  2. 2,0 2,1 «Let It Be... Naked». Norwegian Wood. Arkivert frå originalen 1. mai 2018. Henta 17. mars 2018. 
  3. MacDonald 2005, s. 276.
  4. O'Leary 2015, s. 479.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Pegg 2016, s. 14–15.
  6. 6,0 6,1 O'Leary 2015, s. 482.
  7. Wolk, Douglas (22. januar 2016). «David Bowie: Young Americans Album Review». Pitchfork. Henta 29. juli 2021. 
  8. Doggett 2012, s. 274.