Action française

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ligue d'Action française var ei fransk rojalistisk, konservativ politisk rørsla som vart skipa i 1898. Fleire leiande franske intellektuelle på høgre fløy slutta seg til rørsla. Mellom dei mest aktive var Lemaître, Charles Maurras og Léon Daudet. Dei gjekk inn for ein nasjonalistisk politikk og kravde antiparlamentarisk monarki og ei korporativ styreform.

Action française var òg namnet på eit tidsskrift som gruppa gav ut.

Ved frigjeringa av Frankrike i 1944 vart tidsskriftet forbode og organisasjonen oppløyst.

Spire Denne politikkartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Plans de l'Action française 1915

Kjelde[endre | endre wikiteksten]