Adıyaman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°45.85′N 38°16.57′E
Adıyaman
by
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Søraust-Anatolia
Provins Adıyaman
høgd moh
koordinatar 37°45.85′N 38°16.57′E
Areal 1 582 km²
Folketal 202 735
Tettleik 128 / km²
borgarmeister Muhammet Necip Büyükaslan
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 02xxx
Bilnummer
fri1type=Retningsnummer 
02
Nettstad: www.adiyaman.bel.tr

Adıyaman (kurdisk Semsûr, i antikken Perre eller Pordonnium, gammalgresk Περρη) er ein by søraust i Tyrkia, administrasjonssenter i provinsen Adiyaman. Han er ein av byane som veks raskast i Tyrkia. Og folketalet steig frå 100 000 i 1990 til 200 000 i 2010.[1] (2010).

Adıyaman heitte før 1926 Hısn-ı Mansur eller Hüsnü Mansur, «Mansurborga», etter kalif Al-Mansur som regjerte i Bagdad mellom 754 og 775. Det kurdiske namnet Semsûr kjem truleg av det. Namnet Adıyaman kjem anten frå Vadi i Leman, "ven dal", eller av Yedi Yaman, "dei tapre sju", etter ei historie om sju søner som øydela avgudsbiletet til faren sin og sidan vart drepen av faren.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Adıyaman har eit halvtørt klima. Somrane er særs varme og tørre. Temperaturane når 40 ºC midt på sommaren og varmerekorden her er 45,3 ºC frå 30. juli 2000. Vintrane i Adıyaman er kjølige eller kalde og ofte med snø. Den lågaste temperaturen som er målt er -10 ºC den 23. februar 1985.

Klimadata for Adıyaman
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 8.7 10.2 14.9 20.4 26.7 33.2 37.8 37.6 33.0 25.6 16.9 10.7 22 98
Normal min. temp. °C 1.2 2.2 5.5 9.8 14.3 19.6 23.6 23.3 18.8 13.6 7.5 3.1 1,2
Nedbør (mm) 121.4 101.6 90.4 69.4 35.7 9.0 1.6 1.7 6.0 42.4 73.9 129.3
Normal mengd regndagar 11.7 11.9 12.0 11.9 8.0 2.5 0.6 0.5 1.3 6.5 9.1 11.5 87,5
Normale månadlege solskinstimar 130.2 131.6 186.0 225.0 303.8 363.0 390.6 365.8 306.0 232.5 168.0 130.2 2 932,7
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]