Ada Bojana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
munningen til elva Bojana med den trekanta øya Ada Bojana

Ada Bojana (tyder «Øya Bojana») er ei øy i kommunen Ulcinj i Montenegro.

Øya ligg i elvedeltaet til elva Bojana (eller Buna). Ho er ei kunstig øy som oppstod då eit skip sokk ved munningen til Bojana og avleiringar frå elva samla seg kring skipet. Ho ligg heilt sør i Montenegro og berre Bojana sjølv skil ho frå Albania.

Øya har ei trekanta form og grensar til Bojana på to sider og til Adriahavet i sørvest. Ho har eit areal på 4,9 km².

Øya er ein populær turistdestinasjon med ei 3 km lang sandstrand og mange fiskerestaurantar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]