Ada Kaleh

Koordinatar: 44°42′58″N 22°27′20″E / 44.71611°N 22.45556°E / 44.71611; 22.45556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ada Kaleh
øy
Land  Romania
Areal 0,8 km²
Folketal 600 (1970)
Kart
Ada Kaleh
44°43′00″N 22°27′00″E / 44.716666666667°N 22.45°E / 44.716666666667; 22.45
Wikimedia Commons: Ada Kaleh
Basaren på Ada Kaleh

Ada Kaleh (tyrkisk for «Festningsøya») var ei lita øy i Donau som vart busett av tyrkarar og oversvømd då Jernporten, eit vasskraftverk, vart bygd i 1970. Øya låg om lag 3 km nedanfor Orşova og var 1,75 km lang og 0,4-0,5 km brei.

Øya var ein tyrkisk enklave og hadde ein moske og mange tronge og skeive smug, og var kjend som ei frihamn og ein stad for smuglarar. I tillegg til tyrkarar levde mange andre etniske grupper her.

Øya var omkransa av ein mur som austerrikarane bygde der i 1669 for å forsvare ho mot tyrkarane. I 1699 kom øya inn under tyrkisk kontroll, frå 1716 til 1718 var ho under Austerrike og etter ei fire månader lang omleiring i 1738 var ho tyrkisk igjen. Austerrike gjenerobra øya i 1789, men måtte gje ho tilbake til tyrkarane som følgje av ein påfølgjande fredsavtale. Etter dette vart øya mindre militært viktig.

I 1804, under det første serbiske opprøret leia av Milenko Stojković, som vart fanga og avretta av dahiaer, flykta Stojković frå Beograd og søkte tilflukt på øya.

I 1878 tvinga Berlinkongressen Det osmanske riket langt sørover og øya kom inn under Austerrike-Ungarn, sjølv om ho var eigd av den tyrkiske sultanen. Innbyggjarane hadde gode som skatte- og tollfritak og var ikkje vernepliktige. Då Det osmanske riket vart løyst opp i 1923 valde innbyggjarane å verte innlemma i Romania.

Ada Kaleh-moskeen frå 1903 vart bygd over eit tidlegare fransiskanarkloster. Innbyggjarane levde hovudsakleg av tobakksdyrking og fiske, og seinare òg turisme. Dei siste åra øya eksisterte hadde ho 600 til 1000 innbyggjarar.

Då demninga vart bygd vart enkelte strukturar på øya flytta til den nærliggande øya Şimian, inkludert delar av murverket i katakombane til festninga, moskeen, basaren, huset til Mahmut Pasha, gravplassen og fleire lekamar. Innbyggjarane på øya valde å emigrere til Tyrkia i staden for å slå seg ned på Şimian.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

44°42′58″N 22°27′20″E / 44.71611°N 22.45556°E / 44.71611; 22.45556