Ada Međica

Koordinatar: 44°47′N 20°23′E / 44.783°N 20.383°E / 44.783; 20.383
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ada Međica (serbisk Ада Међица) er ei øy og ein bydel i Beograd, hovudstaden i Serbia. Han ligg i kommunen Novi Beograd.

Ada Međica er ei ovalt forma elveøy i elva Sava. Ho er om lag ein kilometer lang og 200 meter brei og ligg like nord for den mykje større øya Ada Ciganlija.

Øya er skogkledd og har ingen innbyggjarar, men mange fritidsbustader eigd av innbyggjarar i Beograd. Om sommaren kjem over 2000 innbyggjarar frå Beograd her i helgene. Staden har ikkje brusamband og er heller ikkje utbygd med turistfasilitetar.

Namnet på øya tyder på serbisk «grense-elveøy», sidan Sava i fleire hundreår var grensa mellom fleire statar (Romarriket, Austromarriket, Kongedømet Ungarn, Serbia, Det osmanske riket, Habsburgmonarkiet med fleire).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

44°47′N 20°23′E / 44.783°N 20.383°E / 44.783; 20.383