Adalbert av Bremen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adalbert av Bremen

Statsborgarskap Tyskland
Fødd ca. 1000
Sachsen-Anhalt
Død

16. mars 1072 (71 år)
Goslar

Yrke katolsk prest, teolog, katolsk biskop
Språk tysk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Friedrich I. von Goseck
Adalbert av Bremen på Commons

Adalbert (ca. 10001072) var erkebiskop av Hamburg-Bremen, eit bispedøme som omfatta Skandinavia og størstedelen av Nord-Tyskland, frå 1043. Han stod høgt i kurs hjå keisar Henrik III, som han følgde gjennom fleire krigstog. Han sende misjonærar til dei nordiske landa, Grønland og Orknøyane. Han var i si tid den mektigaste kyrkjeleiaren i Nord-Europa, og freista å gjera kyrkjeprovinsen sin til eit nord-europeisk patriarkat, mest mogleg uavhengig av paven.

Adalbert var formyndar for Henrik IV då han i 1056 vart konge i Tyskland, seks år gamal. Adalbert hadde såleis den reelle makta i Tyskland i perioden fram til Henrik IV vart myndig. Også som vaksen såg Henrik på han som sin fremste rådgjevar, og løna han godt med store gåver frå krongodset. Maktstillinga til Adalbert vart etter kvart upopulær mellom fyrstane og dei andre stormenna i riket at keisaren måtte fjerna han frå hoffet i 1066. Alt i 1069 kalla keisaren han attende, men Adalbert støtte no på sterk motstand både hjå paven og i dei nordiske rika.

Adalbert er gravlagd i domkyrkja i Bremen. Livet hans er skildra av Adam av Bremen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]