Adalstein av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adalstein

Konge av England
Regjeringstid924939
Føddca. 895
FødestadWessex
Død27. oktober 939 i Gloucester
DødsstadGloucester
GravstadMalmesbury Abbey
FøregangarEthelweard av England
EtterfølgjarEdmund I av England
DynastiHuset Wessex
FarEdvard den eldre
MorEcgwynn
BornHåkon I av Noreg

Adalstein av England (angelsaksisk namn Æðelstán, moderne engelsk Athelstan) var konge av England i tidsrommet frå 924 til 939.

Adalstein var fødd om lag 895 i Wessex i England. Han var son til kong Edvard den eldre (King Edward the Elder), som i sin tur son av kong Alfred den store av Wessex. Mor til Adalstein heitte Egwina og var fyrst kjend som ei fattig dotter av ein gjetar. Edvard den eldre fekk kjærleik til henne. Seinare vart mora skildra som «ei dame av adelsslekt». Såleis er det stilt spørsmål om Athelstan retteleg kunne verta konge, av di han ikkje var fødd innanfor ekteskapet. I tillegg kunne det vera at mora si ætt ikkje var god nok.

Som konge av England etterfylgde Adalstein halvbror sin Ethelweard (904-924). Ethelweard døydde i Oxford etter berre å ha vore konge i seksten dagar. Det vert spekulert om Ethelweard vart drepen etter ordre frå Adalstein. I alle høve vart Adalstein konge den 17. juli 924.

Adalstein er ofte sett på som den fyrste rettelege kongen av heile England. Han hadde militær framgang, og vann slag både over engelske rivalar og mot vikingane. Området han styrte vart utvida til delar av Wales og Cornwall. Den største sigeren kom i slaget ved Brunanburh i 937.

Sjølv om Adalastein gjekk inn i fleire alliansar knytt til familien, gifta han seg aldri og fekk ingen born. Adalastein var fosterfar til den seinare kong Håkon I av Noreg, som blei kjend under tilnamna «adalsteinsfostre» og «den gode». I dei norske kongesogene, Heimskringla, vert Athelstan omtala som «kong Adalstein».

Kong Adalstein døydde 27. oktober 939. Han vart gravlagd i klosteret Malmesbury Abbey i Wiltshire. Halvbroren Edmund etterfylgde han.